lørdag, juli 10, 2010

Ut på tur!

Tur-027

I dag tok vi med oss litt heimbakst, kaffi og kjeks, og tok oss ein liten dagstur saman med mamma. Målet for turen var Valldal, sidan det er “år og dag” sidan eg var der (på korpstur på 90-talet).

Tur-057

Då vi kom til Valldalen, meldte svolten seg ganske raskt, og vi leita etter ein stad å setje oss å ete. På kaia, som var einaste plass vi såg benkar, bles det surt, så det frista ikkje så mykje. Derfor kjørte vi litt lenger, og vips fann vi ein fantastisk flott plass, nemleg Gudbrandsjuvet.

Tur-007

Gudbrandsjuvet er eit 5 meter smalt og 20-25 meter høgt juv som elva Valldøla presser seg gjennom. Her er det no bygd utsiktsbru, kafe og servicebygg.

Tur-021 Om Gudbrandsjuvet, henta frå wikipedia.no:

Gudbrandsjuvet er et elvegjel i elva Valldøla. Det ligger i Norddal kommune ved StorfjordenSunnmøre og den kjente turistveien fra Geiranger til Trollstigen krysser elva i bru over gjelet.

Før elva renner ned dalen, går løpet mellom store steinblokker, slik at vannet forsvinner inn i og kommer ut av sprekker og kløfter i ganske uventede vinkler. Dette blir nå understreket av at der er bygd og bygges plattformer og broer, der der er glass både i vegger og gulv. Stedet er derfor i ferd med å bli ennå et av flere stoppesteder for turister.

Tur-031

Etter vi hadde nytt utsikta og fått oss ein matbit, vende vi nasa tilbake til Valldal. Nysgjerrigheita førte oss også til Tafjord, “år og dag” sidan sist både eg og Sindre var der også. Det blei berre ein rask tur innom då, men vi fekk sett bygda iallfall. Og kjørt mange tunnelar!

Tur-062

Og mamma: Her kan du lese meir om Trollstigen, og veistrekninga Geiranger-Trollstigen: http://no.wikipedia.org/wiki/Trollstigen

Med ynskje om ei fortsatt god helg!

1 kommentar: