tirsdag, august 10, 2010

Heime frå Nederland

No er vi heime frå tur. Vi har vore i Nederland sidan forrige onsdag. Kom heim i går kveld.

Nederland-002

Vi reiste frå nydleg ver til regn, men heldigvis visste Nederland seg frå si vakre side igjen torsdag, og resten av veka har vi stort sett hatt fint ver!

Nederland-019

Nederland var eit flott land å besøke, sjølv om det var litt rart å ikkje sjå noko fjell. Flatt så langt auge kunne sjå!

image

Vi budde på ein kosleg Bed & Breakfast ein liten halvtime utanfor Amsterdam, i Driehuis, midt mellom Haarlem og IJmuiden.

image

Rommet vi bodde på, på dei to bilda over.

image

Vi likte oss veldig godt. Det einaste “dumme” var at toalett var to etasjer ned, og dusj/bad ei etasje ned, men det blei fort ein vane :) God mat, kosleg vertinne og fin beliggenheit i forhold til dei vi besøkte.

image

B&B’en hadde eit dobbeltrom, eit enkeltrom og eit hagehus for utleige. Foreldra til Sindre budde i det koslege hagehuset.

image

Bilda frå B&B er lånt her.

Meir bilder frå turen vår kjem i morgon. Eg må “jobbe meg gjennom dei” først :)

Håper alle har hatt ei fin helg, og nyt anten siste rest av ferie, eller nettopp jobbstart!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar