onsdag, august 04, 2010

Kvitneset – kulturminnevandring

Kvitneset - flott natur, gode fiskeplassar og tysk festning under 2. verdskrigen. Mange har gode minner frå ein fin kveldstur på Kvitneset, med krabberaking, fiskestong og leirbål ved sjøkanten.

Men Kvitneset ber også på ei historie frå krigens dagar; ei sentralt plassert tysk festning med 7 store hus, løpegraver og kanonstillingar, i 1941 omlag 500 soldatar ved festninga, og ein fangeleir for opptil 105 russiske krigsfangar.

image

Bildet er lånt her.

Søndag 12. september arrangerer Hareid kommune kulturminnevandring på Kvitneset. Brandal Vel stiller med kaffi og kaffimat, og etter vandringa kan du kjøpe deg middag på Ishavsmuseet.

Les meir her. På den sida kan du også laste ned eit historiehefte om Kvitneset, i høgremargen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar