fredag, september 10, 2010

Nytt kontor og kick off

No har eg fått meg nytt kontor. Men – jobben og alt anna er det same altså. Vi har berre flytta frå tredje etasje til andre etasje dei siste dagane. Satsar på å kome i orden i løpet av dagen, iallfall sånn nokon lunde.

Det har vore litt kaotiske dagar på kontoret, nrå alle skal flytte samtidig, så ventar vi på kvarandre, og ingen kan flytte fordi den eine ventar på den andre, som igjen ventar på den tredje, som gjerne ventar på den første…

Men eg har iallfall komt ned med alt, så nær som ei bokhylle, pulten og litt rot, og det satsar eg på å få flytte i dag.

image

I kveld er det Kick Off på Vikingen ungdomsklubb, opning for hausten. Eg gler meg til å sjå både kva Marie, den nye ungdomsarbeidaren vår, har fått til, og dei flinke ungdommane som skal på scena. Om du er i området, legg gjerne turen innom Vikingen Ungdomsklubb i kveld. Dørene opnar kl 19.00.

Beklager jobb-innlegg… Må til det også av og til ;o)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar