tirsdag, september 07, 2010

Sommar i september?

Årets Brandalsdagar er over, det har vore ei knallhelg, med strålande sol heile helga! Vi kunne verkleg ikkje ha vore meir heldige med veret!

I følge dei som var med på fellesbadinga laurdag og søndag, var det også varmare i sjøen no enn det har vore tidlegare i “sommar”.

IMG_9559

Det har vore mykje folk i bygda, både bygdefolk og “tilreisande”, og alle har sett ut til å kose seg stort. Både fredag og laurdag gløymte eg å ta med kamera, så eg har kun nokre få bilder frå søndagen.

IMG_9562

Badarane melder om rundt 15 grader i vatnet, herleg forfriskande, visstnok. Eg stod over, grunna bronkitt (hadde vel stått over likevel…).

Vi gler oss alt til neste år!

2 kommentarer:

  1. Alltid fint å ha ei "passande" unnskyldning til å stå over bading i Norge/på Sunnmøre. Hadde nok stått over eg og, uansett form ;) Liitt pinglete på kaldt vatn :p

    SvarSlett
  2. så kjekt at det vart eit vellukka arrangement, trass den noko labre formen i forkant! Håpar du held deg frisk framover.

    stor klem!

    SvarSlett