søndag, november 14, 2010

Litt oppsummering

Lite blogging i det siste, mest fordi eg har vore mykje opptatt, men også fordi eg ikkje har noko bilder frå seinare tid, og blogginnlegg utan bilder blir litt kjedlig i lengda.

Eg reknar også med at det er begrensa kor spennande det er å sjå Mitzi-bilder i lengda, men ho er no ein gong den vi fotograferer mest ;o) Men skal spare bilder av ho litt til ;o)

Snøen ligg ute fortsatt, men det er mildver no, så håper egentlig den reiser sin veg på vegane no, før det blir kaldt igjen uti veka.

ungdomsraadet

Tysdag var eg på jobb, og ungdomsrådet hadde møtet. Eg er koordinator til ungdomsrådet, og eg må berre nytte høvet til å skryte litt av dei. Det var kun ei sak på saklista, og det var Budsjett 2011 og Økonomiplan 2011-2014 - og møtet varte i tre timar! Rett nok inkludert ei lita matpause, men likevel - det er ein kjempeflott og engasjert gjeng!

Det lange møtet gjorde at eg blei litt forsinka til middagsavtale med to venninner, men vi fikk oss både middag og varm drikke på Skibet :o)

Onsdag vart brukt til å førebu den store konserten torsdag, og det same blei torsdagen brukt til. Då hadde vi nemlig besøk av den verdskjente vokalgruppa The Manhattan Transfer. To konsertar, og omlag 700 publikummarar.

image

Fredag vart det besøk på Skibet og shopping saman med Ann-Katrin, kjempekjekt! Og laurdagen blei også brukt til litt shopping, saman med mamma. Også det veldig kjekt!

Sindre har brukt dei siste to vekene til å male kjøkkenet, inkludert tak og lister, og det har blitt kjempeflott! No gjestår berre eit lite hjørne, med den gamle kjøkkeninnreiinga, og vi er litt uenige på kva farge som bør vere der. Så det skal vi tygge på i dag - og tek oss heller ein tur til Rovde, med kake på lur, sidan det er farsdag.

Bilder frå kjøkkenet kjem, når det er heilt ferdig :o) Er ikkje så stor skilnad å sjå på bilder, men stor skilnad for oss!

Og sjølvsagt - gratulerer med farsdagen til pappa og alle andre pappaer!

GOD SØNDAG OG FARSDAG TIL ALLE!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar