onsdag, november 03, 2010

Tjuvjakt og slikt…

I går var det tjuveri i ein sportsbutikk på Hareid. Ei dyr Bergans-jakke. Butikkeigar oppdaga det, og tok opp jakta etter tjuvane. Han når dei, og ringer politiet, som er 30 minutt unna. Det var vanskleg å holde på damene (som hadde bil) til politiet kom, og derfor oppstår fylgjande:

image

- Då bestemte eg meg for å ta veska til den eine kvinna - og så sprang eg utetter mot Elektrosenteret med eigaren av veska etter meg. Inne på Elektrosenteret fekk eg gøymt veska i ei hylle. Men det vart eit veldig oppstyr der inne - og kvinna beit ein av ekspeditørane der. Sjølv kom eg meg ut frå butikken på baksida og håpte at politiet snart var der.

Henta frå http://www.vikebladet.no/nyhende/article279039.ece

Syns eg ser butikkmannen springe gjennom gatene, med ei dameveske, og fire utanlandske damer hakk i hel… Mulig han var inspirert av Bergans-logoen?

Måtte berre dele den!

2 kommentarer:

  1. Høhø, fantastisk! E det virkelig sant?

    SvarSlett
  2. Ja, ja, berre det ikkje vert vesketjuven som vert straffa ...
    Mykje godt stoff til Fotbladet her!

    SvarSlett