søndag, januar 30, 2011

Ny veke, nye muligheiter…

Helga er forbi, ei kjekk helg med mange ungdommar på scena på Sjøborg. Det var nemlig Ungdommens Kulturmønstring i går, og rundt 50 ungdommar var i sving på, foran og bak scena!

image

Oppladninga til UKM var heller litt uheldig, då eg har bronkitt og min kollega fekk spysjuka torsdag… Men vi kom i mål, med ei flott mønstring! Takk til alle som stod på!!

Eg har fått penicillin for bronkitten no, og håper å bli kvitt den snart. Forrige søndag kom eit nytt familiemedlem til verda, og vi gler oss veldig til å helse på den vesle prinsessa og dei stolte foreldra - men då er det best å vere frisk først, sjølv om legen har sjekka om eg er smittefarleg, noko eg ikkje er Smilefjes som blunker 

Ny veke, nye muligheiter no! God søndagskveld - og god veke Smilefjes

3 kommentarer:

  1. Så det vart på terminen deira altså? :) gratulere som tante!

    SvarSlett
  2. Strevsomt med stor-arrangement når ein ikkje er frisk! Men det ser ut som de har hatt god hjelp, så alt gjekk som det skal :)

    God betring, og grattis med nytt familiemedlem! Alltid stas å verte tante! :)

    klem

    SvarSlett