torsdag, februar 10, 2011

Fretex o.l. - noko å tenke over!

Kom over denne fine reklama, for Fretex i dag:

Vi bor i eit rikt land, med ein høg “bruk-og-kast”-mentalitet, dessverre. Eg les enkelte bloggar, og vert nærast skremd kor mykje enkelte shoppar i løpet av ein månad.

Det er sjølvsagt kvar enkelt sitt val, men eg lurer på kor mykje kle, møblar, pynteting og anna stæsh som går i gløymeboka i løpet av eit år - ting som heilt sikkert nokon andre kunne hatt stor nytte og glede av?

Syns Fretex-reklama var fin, og håper mange gjer seg nytte av klecontainarar som er utplassert rundt omkring. Bruktbutikkane kan også vere ein fin plass å besøke frå tid til anna - både for å gi vekk, men også kanskje å kjøpe noko nytt brukt, i staden for berre noko nytt…? Tenker vi på det?

…og sjølvsagt er finn.no ein fin plass å sjå etter spennande ting - eller selge/gi vekk. Eg VEIT mange bloggarar er flinke til gjenbruk, heldigvis. Men eg trur vi alle har litt å gå på, ikkje berre kjøpe for å ha noko å blogge om, iallfall… Satt litt på spissen, sjølvsagt!

God torsdag!

2 kommentarer:

  1. hehe, ser den, jeg roter gjerne gjennom skrotet til noen andre, pusser opp eller syr om ;) og morro er det jo :)

    SvarSlett
  2. Har fleire gonger lurt på det same, kvar blir alt av, og kvar i all verden kjem pengane frå lurer eg også på.. Nyttar gjenbruk, både til å kvitte meg med ting og i håp om også å finne ein og anna skatt. Har ein del møblar som kjem frå gjenbruk eller finn, alt å ikkje være nytt og ikkje har eg råd heller. Skikkelig morsom video, den har eg ikkje sett på tv..
    Klem Siss

    SvarSlett