Her manglar blogglysta… Det er nesten to veker sidan forrige innlegg, og endå lenger sidan eit skikkleg innlegg, men, men. Sånn blir det berre i blant!
Mitzi hjelper meg gjerne å strikke, eller iallfall å holde kontroll på tråden! Og akkurat no prøver ho å hjelpe meg å blogge…
Ute ligg snøen kvit, gradestokken viser nokre plussgrader, og snøen smeltar heldigvis frå vegane. Min snille onkel har også pløgt vegen opp til oss no, så om mildveret held fram no, kan vi snart kjøre opp igjen
Enn så lenge spaserar vi nokre meter.
Eg har ikkje strikka så mykje i det siste, held på med eit Venstre-grønt sitteunderlag, men sidan eg ikkje fann att siste trådnøste, har det blitt liggande ei lita stund… Kanskje eg skal strikke det ferdig i dag… Kanskje!
Brandal 19. mars. Det er skjønt når sola tittar fram!
Mitzi undrar seg over ein liten pusekatt, men han fikk ikkje vere der lenge… Få sekund etter sparka ho til han, men eg rakk å ta han før han gikk i bakken (og evt tusen knas). Ho foretrekk nok å regjere aleine ja!
Eg var ein tur i Molde forrige veke, og det bles opp til storm når vi skulle heim. Viser ikkje så godt på bildet då… Men det var no iallfall bilde av noko anna enn Mitzi og Brandal
Sist helg var vi i Oslo. Igjen for meg. To gongar i løpet av ein månad er ikkje verst… Sindre fikk billettar til Top Gear Live i Oslo Spektrum i julegåve, så vi har gleda oss til tur lenge! Mitzi håpte ho skulle få bli med i kofferten, men måtte gi tapt… Trur nok det var like greit
Vi “gikk oss på” kjentfolk i sentrum, kjekt å treffe Anja og Kai!
Og endleg fekk eg sett Operabygget, som eg har hatt lyst til lenge. Legg merke til snøfri Oslo!
…og dette møtte oss då vi kom heim:
Men jammen er det no fint med snø då! Alt blir så reint og flott.
Og reine påskestemninga når sola tittar fram
That’s all for now! God torsdagskveld!
elska utsikta frå huset ditt når det e fint ver! :)
SvarSlettkjekt me innlegg frå dej igjen, men bra d ikkje berre e mej so blogga i rykk og napp ;)