tirsdag, mars 01, 2011

Stillstand…

Her har ikkje akkurat vore mykje aktivitet på bloggen. Eg er egentlig litt blank for noko å blogge om.

Eg kunne sjølvsagt ha blogga om mi nye hårfrisyre, men eg har ingen bilder.

Eg kunne sjølvsagt ha blogga om sitteunderlaga eg held på å strikke, men dei er ikkje ferdig, og dermed har eg foreløpig berre før-bilde…

Eg kunne kanskje ha blogga om at eg vaska bilen, men den er like grå av skit igjen allereie, før eg fekk tatt noko glinsande bilde.

Eg kunne kanskje ha blogga om kiropraktorbesøk, men det lyt bli ein annan gong…

Eg kunne blogga om den irriterande katten som stjel maten til Mitzi, men bloggen inneheld kanskje nok kattevas…

Kanskje eg skal blogge om at eg syns det er utruleg kjekt med vår?

Eller kanskje eg berre skal avslutte no… Det er muleg det vert litt pause vidare også. Til ideane kjem dettande!

Ha ein fin dag alle! 1. mars, snart vår!

3 kommentarer:

  1. syns du hadde mange fine idear her eg :)

    Ekje alltid like lett å vite ka en skal blogge om. Og for min del e det sann at når ej veit ka ej vil skrive so hekje ej tid. :p menmen, det går vel litt opp og ned med stort sett alle bloggskrivarane når det gjeld nye innlegg ;) kvar sin tur å ha bloggpause :p

    SvarSlett
  2. Håpe at ideane snart dukka opp igjen!! Alltid kjekt når bloggen din e oppdatert!!:) God dag til dej me!

    SvarSlett