lørdag, mars 05, 2011

Strikk til mamma

Dei siste dagane har eg strikka. Det går gjerne i litt rykk og napp med meg, i perioder, og ofte gjer eg meg ikkje heilt ferdig med det eg startar på heller, men denne gongen har eg faktisk fått ferdigstilt nokre prosjekt.

image

Det er ikkje akkurat noko avanserte ting eg strikkar, fram og tilbake med rettstrikk denne gongen. Eg fann nemleg denne oppskrifta på tova sitteunderlag frå Drops Design (bildet over er lånt frå nettsida), og fann ut det såg overkomleg ut.

IMG431

No har eg strikka fire sitteunderlag, derav tre vellukka og eit som Mitzi får. Kjøpte feil tråd til det, så det blei litt mindre fint enn dei andre, men duger fint til litt varme for Mitzi.

IMG426

Her er det siste eg strikka, og dette er grunnen til eg ikkje har nemnt sitteunderlaga til mamma, for eg måtte gjere ferdig dette først. Planen var nemlig at dette er til deg!

IMG433

No ligg det til tørk på badet ferdig tova. Mitzi har godkjent det!

IMG421

Og desse to skal få bli bursdagsgåve til Sørlandet.

IMG432Dei observante vil kanskje sjå at det står glattstrikk i oppskrifta, men at mine ikkje er strikka med glattstrikk… Eg oversåg det når eg starta på det første, og dermed blei det berre til at eg strikka rett heile vegen. Det blei tova likevel.

God laurdag! Og HEIA NORGE!! Kan det bli dobbelt norsk i dag??

3 kommentarer:

  1. hei hei. takk for kjempe smart julegavetips ;) slike skal jeg lage til jul :) ha en super helg.
    Klem fra Malin.

    SvarSlett
  2. Så gøy å lese at du strikker! Og sitteunderlagene ble riktig så fint. Jeg har ikke tovet noe før, men fikk oppskrift på votter av ei på joben i går så har tenkt å prøve meg i løpet av året.

    SvarSlett
  3. Heisann! Det vart lekre siteunderlag:) Og ja, det vart dobbelt norsk. Eg hadde tårer i augene!!

    SvarSlett