fredag, april 22, 2011

Jubileum og god mat ♥

♥ 21.04 ♥

I går feira eg og Sindre jubileum, vi har vore saman i fire år. Dagen blei “feira” med husarbeid i heimen, og laks til middag, slik ein fridag skal nyttast!

IMG_1734

Oppskrifta til laksemiddagen fann eg på matbloggen til Tove - tusen takk! Det var nydlig godt!

IMG_1739

Laks, fetaost, soltørka tomatar og creme fraiche - anbefalast!

IMG_1740

Oppskrifta lånt frå bloggen til Tove:

Til fire vaksne personar treng du:

  • 1 kg skinn- og beinfri laks
  • Fetaost i terningar
  • soltørka tomat, skjær i strimlar
  • 1-2 beger creme fraiche
  • Salt og pepar

Slik gjer du det:

Legg laksebitane i ei eldfast form. Strø over godt med salt og grovkverna pepar. Strø over fetaost og soltørka tomat.

Bruk ei spiseskei og fordel creme fraiche over dei øvrige ingrediensane.

Set retten i ovnen på 225 grader og la det steikje i 25-30 minutt.

Server med poteter og smørdampa grønsaker. Bruk gjerne ei fersk wokblanding. Grønsaken skal vere akkurat passe møre. Steik dei i smør til dei vert mjuke og gylne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar