lørdag, april 09, 2011

Organdonasjon - det nyttar!

Eg har tidlegare også blogga om organdonasjon, om kor viktig eg syns det er.

I dag har eg, saman med fire andre, stått på stand for Stiftelsen Organdonasjon, og delt ut over 400 brosjyrer med donorkort inni.

image

Forhåpentligvis er det no nokre fleire som tek seg tid til å snakke om dette i heimen, og ta stilling til organdonasjon. Vi satsar også på ei ny runde med stand etter påske. Vi avslutta nemlig ikkje dagen fordi vi ville, men fordi vi gikk tomt for brosjyrer.

Ein meiningsfull start på helga!

Håper også du vil ta stilling til organdonasjon, og fylle ut donorkort. No kan du også få donorkort på Iphone og Android-mobilar. Les meir på www.organdonasjon.no. Der finn du også donorkort du kan printe ut.

3 kommentarer:

  1. Viktig tema:) Eg har også laga eit innlegg om organdonasjon i dag, inspirert av innsatsen din i dag!

    SvarSlett
  2. Det var det med å få ut fingern, då ;) Du er flink som engasjerer deg i mangt og mykje!

    Lenge sidan eg har hatt sjangs til ei skikkeleg bloggrunde, men ein sundagsmorgon der jentene vaknar like tidleg som på kvardager er eit godt høve!

    Håpar du har ei fin helg, Annika!

    klem

    SvarSlett