torsdag, mai 12, 2011

For ein kvar smak!

Dette publiserte eg egentlig torsdag 12. mai, men av ein eller annan grunn har det blitt sletta frå bloggen. Forstår ikkje kva som har skjedd…

I intervjuet med meg i Nytt i Uka for eit par veker sidan, var eit av spørsmåla kva som opptek meg no. Og i jobbsamanheng er det først og fremst Smak av Ulstein. Eit kjempespennande prosjekt, som eg er så heldig å få jobbe med!

image

Tysdag blei programmet servert i avisa, og i dag opnar billettsalet til fleire av arrangementa. Vi har jobba mykje med programmet, og meir jobbing blir det. Men det er så fantastisk kjekt når vi då får gode tilbakemeldingar frå mange, og programmet ser verkleg lovandes ut! Dette blir spennande!

image

Smak av Ulstein byr på eit variert kulturprogram, både med nasjonale og lokale artistar. Spisestadane og bodene byr på spennande smaksopplevingar og butikkane lokkar med gode tilbod.

På “festivalområdet” og i Sjøborg kan du oppleve eit yrande folkeliv, godt blanda med underholdning på utescena eller i kulturhuset.

image

Mellom hovudattraksjonane på scena er Alex Rosén, Erik & Kriss, Wilhelm Støylen, Jan Toft og Ulstein Storband med Elisabeth Andreassen.

Programmet og meir finn du på www.smakavulstein.no.

Ynskjer alle ein strålande fin torsdag, og legg gjerne ein tur til Ulsteinvik i pinsehelga!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar