Smak av Ulstein, etterfølgaren av tidlegare Ulsteindagane, gikk av stabelen 9.-11. juni, og er hovedgrunnen til at her har vore bom stille på bloggen.
Mykje jobbing, men absolutt verdt kvart eit minutt! Fantastiske dagar i Ulsteinvik, med laurdagen som ei fantastisk avslutning.
Sjølvsagt skulle vi nok aller helst hatt strålande sol desse tre dagane også, men heldigvis stoppa ikkje publikum frå å kome ut, sjølv om det nok kunne vore endå meir folk på enkelte av arrangementa.
Programmet var variert, med noko for ein kvar smak, med lokale og nasjonale aktørar hand i hand.
Manglar dessverre bilder frå ein del arrangement, då kameraet har vore litt nedprioritert, men Sindre sørga for at laurdagen iallfall blei godt dokumentert
Anbefalar elles å sjå gjennom bildekarusellen til Vikebladet.no, med mange bilder frå helga! Den finn du HER.
Elles satsar eg på at vi får publisert nokre bilder på nettsidene på jobb i løpet av veka.
Fortsatt god 2. pinsedag!
Så flinke de er! Ser ut som eit kjempearrangement!
SvarSlettOm du skal til Bergen kan eg ikkje skjøne at Voss og Evanger er omveg i heile tatt. veit ikkje kva veg de brukar å køyre, men de kjem vel på eit tidspunkt via Førde? Då brukar me å køyre Gaularfjell/Vikafjell istadenfor den ytre leia om Lavik-Oppedal. Ein veldig fin tur, og så kjem de jo rett forbi meg ;) Og gjer de det, så er du rett og slett programforplikta til å stoppe og sei hei! :D