fredag, juli 15, 2011

Ein kjekk laurdagsaktivtet

Forhåpentligvis veit alle at det er valår i år. Og det er inga hemmeligheit at eg står på Hareid Venstre si liste for kommunevalet.

IMG_2970

Laurdagane før valet er det vanleg at alle partia er å finne i sentrum. I år ingen unntak.

IMG_2982

Vi har ikkje starta heilt endå med kvar laurdag, altså. Men sidan det var Opplev Hareid første helga i juli, var vi, med fleire, på plass i sentrum.

image

Vi fekk også besøk frå Ulstein Venstre på standen vår, for å markere vårt standpunkt om kommunesamanslåing.

image

Brusboksene var kun for ballast mot vinden ;-) Men kaka og frukta var sjølvsagt for å ete.

image

Politisk debatt i teltet same kveld. Trur Arbeiderpartiet har hatt eit ord med i spelet når det gjaldt dekorering her Smilefjes som blunker

Dei var forresten naboane våre på stand denne dagen. Kjekt!

image

Bloggen min er mitt glimt frå min kvardag. Den vil derfor ikkje bli heilt fri for politikk, men eg skal prøve å ikkje la det ta over for mykje plass!

Om du vil lese meir om Hareid Venstre, anbefalar eg nettsida vår; http://hareid.venstre.no/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar