Vi har vore på ferie, og derav har bloggen vore stille. I utgangspunktet tenkte eg å blogge litt på tur med mobilen, men etter det ufattelige som skjedde fredag 22. juli, blei eg litt tom for ord. Det blei feil å blogge kjekke feriebilder i ei slik tid.
Varme tankar går til dei berørte, omkomne, pårørande og overlevande frå Oslo og Utøya. Tankane går også til alle AUF’arar i heile landet. Ei forferdelig tragedie.
Bildet er tatt etter rosetoget i Oslo måndag 25. juli, på Solli plass, ein av mange plassar som etterkvart blei fyllt med blomar. Det er godt å sjå samhaldet i landet vårt etter ei slik tragedie, både blant folk og blant politikarane. Statsminister Jens har vore utruleg sterk denne tida.
Litt ferieoppsummering kjem etterkvart.
God søndag!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar