fredag, oktober 21, 2011

Slå ring rundt Mork Rehabiliteringssenter

Mork Rehabiliteringssenter er, som eg tidlegare har skreve, foreslått lagt ned. I dag kom kuttlista til helsedirektør Astrid Eidsvik, og då er det forslag om å kutte 9 av tilsaman 27 plassar på Mork. På Aure på Nordmøre skal det kuttast 10 av tilsaman 30 rehabiliteringsplassar.

Det som ikkje kjem tydeleg fram i pressemeldinga, er at det også i forslaget til styrevedtak ligg at drifta på Mork og Aure skal «avhendast», dvs leggast ned eller overlatast til kommunene innan to år! Kva sit ein igjen med då?

Det er oppretta underskriftskampanje på nettet (link), og no vert det også arrangert aksjon på Mork i morgon. Bildet er lånt frå Støttegruppa til Mork Rehabiliteringssenter på Facebook (link).

image

Håper mange støttar opp om dette! Sjølv har eg ikkje muligheit til å vere med i morgon, men har sjølvsagt signert HER. Håper du også gjer det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar