onsdag, november 02, 2011

November–oh my!

Då skriv vi november, under ein månad att til advent. Og ute er det mellom 10 og 15 grader om dagane… Litt regn innimellom, men også mykje fint haustver! Det kan vi like!

Forrige veke hadde vi gravemaskin på besøk heime, og fikk grusa opp vinterparkeringa vår, og greve den litt større. No er det forhåpentligvis plass til to bilar her. Vi parkerer her gjennom vinterhalvåret når det er fare for frost og når det er snø. Så spaserer vi siste bakken, opp til huset med raudt tak. Ca 100 meter med 10 % stigning. Fin trim! (og litt travelt i blant).

2011-10-26 16.47.45

Medan gravemaskina var der, og vi stod ute å funderte litt, kom det brått to store “fuglar” flygande over oss. Aldri har eg sett paraglidarar i Brandal før.

2011-10-25 18.20.37

Fekk berre tatt bilder av den eine. Då den andre kom, var han så nær kraftlina at eg stod med hjarte i halsen. Men det gikk bra, og han var kanskje ikkje så nær som det såg ut til på bakken.

2011-10-26 17.55.20

Eg forstår sjølvsagt at dei vil nyte denne utsikta frå lufta. Som regel flyg dei fram i Hareidsdalen, og landar rundt huset til mamma. Så det er eit vanleg syn for meg, men ikkje i Brandal.

2011-10-26 23.39.47-1

Mitzi blei prøvepus for kamera på ny mobil. Fornøgd med det! Mitzi syns det var litt sterkt lys einaste, men elles er det greit med kamera, som vanleg.

2011-10-26 23.46.45

Og sånn går no dagane…

Med ynskje om ein god dag til alle!

2 kommentarer:

  1. Ser ut som parkeringa vart bra! :)

    Finaste utsikta!! :D

    SvarSlett
  2. Det må bli deilig med ekstra parkering :-))) Godt at vinteren lar vente på seg, ikkje sant ? Klem frå Robrohuset :-)))

    SvarSlett