torsdag, november 10, 2011

Nydlige Sunnmøre i november

For ein fantastisk haust vi har hatt no, med fargespel på himmelen og strålande flott haustver i fleire dagar i strekk!

2011-11-07 16.13.25

Dette bilde er tatt på Sulesund, mot Hareid måndag kl 16.05 medan vi venta på ferja.

2011-11-08 11.52.08

Dagen etter var eg på Sjøborg heile dagen. Heldigvis fekk kollega Inger Anne meg på trua til lunsj i frisk luft. Sjå, så vakkert!

2011-11-08 11.55.43

Ekstra kjekt at det var så fint ver når vi hadde besøk frå det store utland. Randy Crawford, Joe Sample og fire andre fine mennesker var på besøk, og spelte på Sjøborg tysdag kveld. Dei fekk oppleve Sunnmøre på sitt beste!

I fjor på denne tida hadde vi 50 cm snø! Eg foretrekk årets vinter!! Håper det varer!

1 kommentar:

  1. Kjempe fine bilder! Vil gjerne ha ny kaffidate neste gang eg er i Ulsteinvik om du har tid :) Det er mandag 21. november. Heile dagen, frå kl 9 :p

    SvarSlett