torsdag, desember 08, 2011

Alternativ Jul

Deler informasjonen om eit fantastisk flott tiltak! Bak arrangementet står Stian Runne Brandal og Liv Bente Gården.

Teksta er lånt frå Stian sitt FB-notat.

Alternativ Jul fyller eit tomrom på julafta for deg som på ein eller annan måte fell utanfor den tradisjonelle familiejula. Deg vil vi invitere som vår gjest.

Alternativ Jul betyr åpen dør.

Feiringa er for deg som ikkje har nokon stad å feire jul. Du som av ein eller annan grunn sitter åleine på sjølvaste julekvelden, og som ikkje kan vere saman med dine kjære.  Til deg som ikkje kan gi deg og dine den julefeiringa dere ønsker. Og til alle som vil feire saman med oss.

Alternativ Jul betyr romslighet - både menneskelig og praktisk.

Det blir holdt på klubbhuset til Hareid Idrettslag på julafta 24/12.  Vi opnar dørene klokka 16.00 og blir der utover kvelden.

Det blir servert tradisjonell julemiddag med tilbehør, kaffi, kaker og dessert.

Vi kjem til å forsøke å lage ein så hyggeleg kveld som mogleg. Får vi påmeldingar frå born vil vi prioritere å gjere stas på dei. Kanskje får vi då besøk frå sjølvaste nissefar.

Feiringa er gratis for alle saman.  Dei som ønsker å gi eit bidrag kan bruke kontonr. 3997.04.16092. Alle innkomne midlar vert brukt til å dekke utgifter til mat, drikke og diverse utgifter i forbindelse med feiringa. Eventuelt overskot går uavkorta til Frivilligsentralen på Hareid.  Drift og alt vertskap er på frivillg basis.

Påmeldingsfrist 15. desember. Vi treng påmelding med tanke på å lage til nok mat i forkant.

Påmelding skjer til Stian Runne Brandal på telefon 97755425 eller epost stian@runbrand.no. All kontakt vert behandla fortruleg.  Det er ingen krav til dei som melder seg på, arrangementet er ope for alle.  Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål eller andre henvendelsar.

Arrangementet er utelukkande i privat regi utan noko politiske, religiøse eller andre liknande føremål.

Vi kjem til å ha middagsbuffèt med julemiddag frå Hareid hotell.

Vi ønsker deg hjartleg velkomen og ser fram til å møte deg julekvelden.

Venleg helsing arrangementskomiteen, Stian Runne Brandal og Liv Bente Gården

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar