onsdag, desember 28, 2011

Dagmar og slikt!

Dårleg med bilder her. Dagmar har fere fint åt, så eg har ikkje så mykje å dokumentere anna enn i ord.

Det har vore to mørke og vindfulle dagar her, men alle er like heile - og rundt oss er det utruleg nok minimal skade. Det har ført til litt hovudbry, men alt i alt berre bagatellar i forhold til mange andre!

Straumen for kl 18.00 på søndag, og var vekke til kl 09.00 på måndag. Så hadde vi straum til kl 16.00, før den gikk igjen, og var vekke til kl 08.00 i går. Hos svigers fekk dei først att straumen i går i 13-tida, etter å ha vore straumlause sidan søndag kl 17.

Dagmar har herja godt i området, ballbingen lenger nede, som det var brukt fleire timar på i haust på å sette i stand, såg eg akkurat har fått øydelagt gjerde. Eit par uthus har bikka under, og heilt sikkert meir som eg ikkje veit.

Utruleg mange tre som ligg strødd, men ikkje mykje skade på bygningar som eg har hørt av kjente. Ei venninne vakna rett nok til hol i både låvetaket og garasjetaket, og hos Sugar på Øye raste tuntreet ned i låven i løpet av natta, men det gikk fint med hestane! Sugar måtte nærast krype ut av boksa si, men det tok ho med knusande ro. Berre inngangen som var sperra also, ikkje rast sammen.

Eg merka nok mest av Dagmar på kontoret, der ho har sjekka forholda på pcen, og forsynt den med ein god porsjon saltvatn, og prøvd å hjelpe meg å rydde i papira mine. Vinduet på både mitt og nabokontoret har nemlig gitt etter for vinden. Og då mitt aller mest, med eit lite hol i veggen, og eit fint lag med salt over det meste! I dag har eg vore på kontoret å rydda – og konstatert at pcen vert kondemnert (på grunn av eira batteri m.m.). Heldigvis er mesteparten av dokumenta mine lagra på server, og resten klarer nok dei flinke IT-folka å berge!

Pcen min, full i salt. Ikkje så godt å sjå på bilde, men ser litt av det kvite saltet på skjermen iallfall. Den såg verre ut under. Nesten komisk å tenke på at der har vore så mykje sjøvatn i sving, inne på rådhuset!

2011-12-28 10.07.09

Eit grantre rett ved bilvegen her svaia godt meir liggande enn ståande i går, men i dag er den trygt nede. Den stod nemleg rett over ein liten trafokiosk, så vi var litt redd for den skulle dette ned på trafoen, og ta straumen igjen!

På Sjøborg måtte kinoframsyningar avlysast både 1. og 2. juledag på grunn av straumbrot, og arrangement på begge hotella 2. juledag måtte avlysast. Det eine med billettsal via våre system på Sjøborg. Litt utfordrande å prøve å få ut informasjon om det til folk, når straumen er vekke, og mobilen nesten ikkje har batteri. Men det har gått greit, og det er som sagt berre bagatellar.

Vi har hatt tak over hovudet og varme i omnen, iallfall andre dag. Første dag var her litt kaldt, då Dagmar berre bles ut kamina!

Men alt i alt har vel desse to dagane gitt oss ei påminning på kor godt vi faktisk har det – og kor avhengig vi er av både straum, pc og mobil!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar