I dag er det rett og slett ein nydlig haustdag – nydlig i den forstand at det er heilt fint å sitte inne med pledd, stearinlys og varm drikke, og sjå ut på regnet som plaskar ned.
Sidan eg har influensa, syns eg det er heilt greit med slikt ver! (men eg har litt sympati med dei som lett blir versjuke altså)
Vi har iallfall to firbeinte som også veit å nyte dagen!
Dei laddar batteria i stor skala desse dagane, men jammen får dei brukt opp energien også, med galoppløp opp og ned trappa, bak sofaen, opp veggen, oppi kjøkkenskuffa, under badekaret – og tilbake igjen :)
Dei er naturligvis lettast å forevige medan dei ladar batteri…
Ønsker alle ein god søndag vidare!
de er jo bare så nydelige :) øsker deg en fin uke :) klem
SvarSlett