Viser innlegg med etiketten DAGENS PÅSKETIPS. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DAGENS PÅSKETIPS. Vis alle innlegg

torsdag, april 05, 2012

Dagens påsketips torsdag 5. april

image

I dag serverer dei potetball på Flo & Fjøre i Brandal! Eg har iallfall planar om å ete middag i sentrum av Brandal i dag!! Satsar på at min bedre halvdel også syns det er ein god plan.

Ope kl 12-18!

Kanskje vert det ein tur innom Ishavsmuseet også. Ope kl 12-16 der.

onsdag, april 04, 2012

Dagens påsketips onsdag 4. april

imageIshavsmuseet Aarvak opnar for sesongen 1. mai, men tek ein liten tjuvstart no i påska, og held ope fire dagar!

Vel verdt eit besøk – både for store og små!

Skjærtorsdag kl 12-16
Langfredag kl 12-16
Påskeafta kl 12-16
1. påskedag kl 12-16

www.ishavsmuseet.no

tirsdag, april 03, 2012

Dagens påsketips tysdag 3. april

Det er viktig å ha noko å sjå fram til, sjølv om ein også skal huske å leve her og no! Eg har veldig mykje å sjå fram til, spesielt no i 2012, med nytt hus, bryllaup, flotte arrangement både på jobb og i Brandal.

Eit av dei eg ser fram til, er Alex Rosen med Ishavsshow onsdag 29. august på Ishavsskuta Aarvak!

image_thumb

Ishavsskuta Aarvak er i år 100 år, og det vert markert gjennom heile 2012. Den store jubileumshelga vert samtidig med årets Brandalsdagar, og startar onsdag 29. august med besøk av Alex Rosen.

Sommaren 2011 var Alex Rosen innom Ishavsmuseet Aarvak i privat regi. Den store samlinga til Ishavsmuseet imponerte Alex, men samtidig imponerte også Alex sjølv med sin kunnskap. Det gikk ikkje lange stunda før han "hoppa inn" i rolla som "guide" på museet.

image_thumb3

Det er kanskje ikkje så mange som veit at Alex Rosen har studert historie, men dei fleste kjenner Alex som ein oppdagelelsesreisande, også med båt - og nettopp med den bakgrunnen vert Ishavsmuseet Aarvak og skuta Aarvak ei perfekt ramme for eit Ishavsshow med Alex Rosen i farta.

Billettar og meir info finn du HER.

EG gler meg iallfall, og har sikra billetten allereie!

mandag, april 02, 2012

Dagens påsketips måndag 2. april!

Søskenbarnet mitt, Annka Brandal Rovde, hadde knapt tatt i ei symaskin for eit år sidan.

image

No har ho, saman med Inger Brandal, utstilling hos Flo & Fjøre i Brandal, og skal stille ut produkt der i april.

image

Ho lagar alle mulige flotte kreasjonar – og etterkvart får ho også både blogg (link) og facebook-side (link) opp å går.

image

Kjekt om du vil titte innom sidene hennar! Der er mykje flott - og ho kan også sy på bestilling.

søndag, april 01, 2012

Dagens påsketips!

Det er første april i dag – men dagens påsketips er ingen aprilsnarr.

Eg gjengir ei lita reportasje som var på trykk i Vikebladet i går;

Kortreist – besøk Brandal i påska

IMG_5305Retrokafeen Flo & Fjøre held til i Brandal sentrum, og opna dørene i februar. Sidan då har mange funne turen til Brandal, både vekedagar og helg. I påska held dei ope kvar dag, frå kl 12-18. Du finn dei blide damene Oddlaug Brandal og Heidi Wingsternes både bak disken og rundt borda til gjestane. Dei pratar gjerne med dei besøkande.

IMG_5269

I tillegg til kaffi, kaker, lefser, søst, kransekaker og gluten-/melkefrie produkt frå Brisk, vil dei nokre dagar også by på middag på kafeen. Både kjøttkaker, potetball, risengrynsgraut og selkjøtgryte står på menyen i løpet av veka. Menyen finn du på Facebook-sida deira, samt på Brandalssida www.brandalinfo.no.

flofjore_skilt

Flo & Fjøre byr ikkje berre på etande, men også heimelaga kunst og handverksprodukt, laga av kreative personar i lokalmiljøet. Frå 1. april er det nye utstillarar på kafeen. Her finn du quilta produkt, heimestrikk, maleri, keramikk m.m.

strikkekafe

Tysdag 3. april er det også Strikkekafe på kafeen, frå kl 18.00-21.00, med eller utan strikk – det sosiale er like viktig!

 

Velkomne til Brandal!