lørdag, mars 31, 2007

Gravemaskin, Dimnarevy og politikk


Så var det helg igjen, og snart påske. Det blir ikkje heilt påskeferie på meg i år då - men det blir nok nokre rolege dagar på kontoret til veka, så kanskje eg får rydda litt:p

I går herpa Per Ove opp hagen min:| Neida - måtte skifte nokre rør i hagen, og dei har nok vore tett leeenge! No er det iallfall ordna, får eg håpe. Og ja - EG testa å kjøre minigravar:o Det var no litt artig då, og ganske skummelt... Det er mykje å ordne når ein har eit heilt hus, inkl hage osv... Men akk så deilig å ha det så fritt!

I kveld har eg og Kristine vore på Dimnarevyen. Der var mange gode innslag og poeng frå det siste året, med Valla, våre nye landsmenn, lokalavisa, og også det nye Kulturhuset fekk sin omtale... Hadde ikkje med kamera eller noko, så linkar heller til artiklen i Vikebladet.

Det nærmar seg nytt kommuneval, og i går fekk vi levert Venstre-lista også. Det var mange som har vore nysgjerrige om kven Venstre har hatt på topp, og det har nok versert ein del rykter. Akkurat no er lista toppsak på Vikebladet, blir spennande å sjå utviklinga i valkampen framover:) Men først er det påske, iallfall!

Vil nytte høve til å ynskje alle ei god, god påske!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar