
Samme dag som eg og Marte var på Flø (bilder i tidlegare blogginnlegg), var vi også innom hotellet for kaffi, det var dagen dei opna. Ei flott hotell, og eg trur alt var blankpussa den dagen;o) Restauranten var "random" pådekt, og det var ganske effektfullt. I dag har eg og Liv Jorunn lunsja der, og det var veldig god mat! Eg er mett endå.

Det har vore eit strålande ver i helga, iallfall har sola stråla, sjølv om det har vore litt vind innimellom. Fredag spiste eg og Ann Kathrin takeaway frå kinaen ute, laurdag starta eg dagen med frukost ute i sola, og det samme søndag. Seinare søndag fann eg og Anca ut at vi skulle grille - så no er årets første grillmåltid i boks:o)

Men neste gang eg bryt meg inn på Vikingen, skal eg seie frå først, Tomma:p
Søndag var Ann Kristin og Andre på besøk i Brandal, så eg var ned hos onkel Kjell og Inger på kvelden. Veldig kjekt å komme på besøk, og når det blir satt fram kaffi, klarer eg å velte ut to koppar kaffi, alt for å unngå ein dråpe frå kaffikanna på duken. Huff, flaut. Eg forlot åstaden etterkvart;)
Må ha med eit bilde av Linus då eg var på besøk, han satt så fint i stolen. Dessverre berre mobilbilde, så det blei litt vanskleg å sjå - og då eg flytta meg nærmare, flytta han på seg:-/Men her er eit lite bilde iallfall.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar