tirsdag, mai 22, 2007

17. mai, sjuk og langhelg

Så var 17. mai over for i år, kombinert med nesten langhelg. Eg blei dessverre sjuk, streptokokkar i halsen, så det blei ikkje Geiranger og songarstemne på meg:( Kjedleg, men lite å gjere med når ikkje pencilinen ville samarbeide heller.

Sindre passa garden på Rovde frå torsdag til søndagen, så vi har vore på Rovde. Kosleg det.

Mitzi var glad for selskap igjen når vi kom til Brandal igjen søndag. Phoebe var tydlegvis på langtur.

Eg var ein tur ned å mata Linus på ettermiddagen, og då fekk eg selskap av Mitzi heile vegen.

"Her skal du gå, Annika"

"Må undersøkje veden litt, mja, den er godkjent"

"Borte bra, men heime best - laaangtur - må skunde meg heim"
Ein slik langtur tek på, så då er det greit å slappe av på sofaen etterpå.

I akkurat passe "klappe-avstand" til Sindre;o) (Sindre ikkje heilt nøgd med at eg tek bilder i alle situasjonar nei... Sorry, pus!)

1 kommentar: