fredag, august 31, 2007

Politiske sider og bloggar

Litt frå politikken...

Det nærmar seg valet, og i år foregår mykje på nett merkar vi. Hareid Venstre har fått seg ei fin webside, i tillegg til at vi har politisk blogg på VGNett. Gunn Berit Gjerde og Einar Warholm bloggar på NrkTorget også.

Elles har vi hatt to laurdagar med stand i Hareid sentrum, og vi blir å finne dei to komande også, ved Coop eller deromkring. I tillegg vert vi å finne ved Coop i Hjørungavåg i dag frå kl 15.00 og i morgon, laurdag frå kl 11.00.

Har verken tatt noko særleg spennande bilder eller gjort noko anna enn jobba og dreve valkamp denne veka, så det er ikkje så mykje anna spennande å skrive her.

Men no er det snart helg:o) Og Sindre har siste dag med fagprøve i dag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar