søndag, januar 27, 2008

Eit lys for Phoebe:)


Komande måndag har Phoebe vore vekke i 6 veker, og håpet mitt om å finne ho i livet er no minimalt, spesielt etter gårsdagens opplevelse...

Eg fekk ein telefon i går frå ei sambygding, om at ho hadde sett ein død katt lenger nede i bygda. Når vi kom frå jobb, stoppa vi for å sjå om det kunne vere Phoebe. Sindre gikk bort først, eg var ikkje tenkt å sjå, trudde eg. Men Sindre var heilt still, berre kika nøye på katten. Så eg blei nysgjerrig, måtte berre sjå. Håpte sjølvsagt det skulle vere heilt klart at det ikkje kunne vere Phoebe, eller om det kunne vere ho, håpte eg det skulle vere heilt sikkert at det var ho, men det var vanskleg å sjå. Det var tydleg at katten hadde leie der ei stund, våt i pelsen og delvis hakka på i ansiktet, så det var veldig vanskleg å sjå kva katt det var.


Men både pelslengd, størrelse og fasong stemte med Phoebe, det vi kunne sjå. Fargen på pelsen var vanskleg å sjå, men den kan nok også stemme med Phoebe. Så sjansen for at det er ho er nok ganske stor. Dessverre.
Sidan katten låg ved sidan av bilveien, har den nok blitt påkjørt av ein bil, men der var ingen ytre skade å sjå, anna enn som sagt at ansiktet var hakka på.


Er mange eg skulle fortalt dette til, men eg har ikkje klart skrive melding om det, for eg orkar egentlig ikkje prate om det, då kjem berre tårene,slik som no. Skriv heller ein kommentar her til meg:)


Sov godt pusen vår!

Det var først no etter å ha lest innlegget mitt tre gangar at eg såg at bildet av lyset og bildet av Phoebe er teke på nøyaktig samme plass...

3 kommentarer:

  1. Anonym9:39 a.m.

    Offa..! :( e so trist når sånt skjer.. :( RIP Phoebe..

    SvarSlett
  2. Heisann! Kjekt å sjå blogen din også Annika :) Men ikkje kjekt å høyre om pusen...Fryktelig trist!:(

    SvarSlett
  3. Nei, trist når pusen forsvinne sann, men lite å gjer med det. He heldigvis mange fine bilde so ej kan kose mej me, åsso he no vi enda en pus, so ho laga no litt liv:)

    SvarSlett