Av og til er Norge veldig urettferdig. Eg trur egentlig vi er litt for lite flinke til å tenke over kor godt vi har det i vår kvardag. Alt som vi tek som ein sjølvfølge, er luksus for andre.
Kva er det som avgjer om ein flyktning skal få bli i Norge eller ikkje?
For 10 år sidan kom Kumar til Hareid. Etterkvart fann han kjærleiken, gifta seg med Venezia, opprinnleg frå Sri Lanka, sånn som Kumar. Venezia har fått opphold, medan Kumar har venta og venta, fått avslag, klaga og i går kom nytt avslag. Ein snill og rolig gut, som har blitt integrert i Hareidssamfunnet, og vil jobbe - men han får ikkje lov. Dette var kortversjonen av saka. Men no, etter 10 år, det er ikkje trygt på Sri Lanka, han er gift her på Hareid, med norsk statsborgar, men likevel vil myndigheitene sende han ut av landet? Nei, eg skjønnar ikkje.
Søndag 20. januar vert det fakkeltog for støtte til Kumar. Oppmøte på "Loket" på Hareid kl 16.00. Sal av faklar ved frammøte. Appell.
Ei anna sak som har rørt ved meg den siste tida er Klaras sjukdom. Bloggen til Klara ligg i høgremenyen min. Klara har CF, ein sjukdom som gjer at ho må ha nye lunger med tida, for å få leve. Men det er dessverre ingen sjølvfølge for Klara å kome på venteliste for nye lunger. Ho har ein bakterie i kroppen som kan gjere det skummelt å gå gjennom ein transplantasjon. I veka fekk Klara foreløpig nei til nye lunger. Eg fortsett å krysse alt som kryssast kan for at legane skal finne eit positivt svar å gi Klara til neste veke.
Eg har aldri møtt Klara in person, berre blitt kjent med ho gjennom eit internettforum (EO) og bloggen hennar, men så mykje som ho gir av seg sjølv, og det humøret ho sprer, gjer det vanskleg å ikkje legge merke til Klara, bry seg om ho. Eg håper eg får gleda av å møte deg og Trico i sommar, Klara! Du er ei kjempejente.
Klara har med si historie sett fokus på organdonasjon den siste tida. Eg har hatt donorkort sidan eg var ganske ung, etter at ei venninne fekk nyresvikt i ein alder av 12. Å fylje hennar kamp mot sjukdommen har gjort at eg har tenkt over alt vi tek som ei sjølvfølge fleire gongar, men likevel er det faktisk lett å gløyme kor heldige vi er.
Dersom du ikkje har donorkort, eller vil lese meir om organdonasjon, anbefalar eg deg til å ta deg ein tur innom sida til Stiftelsen Organdonasjon.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar