søndag, januar 13, 2008

Enda ei helg forbi...


Både vekene og helgane går jammen fort, og no er enda ei helg over, og klokka nærmar seg at det er på tide å finne senga. Mitzi ligg på sofaryggen ved sidan av meg, speidar ut vindauge, Sindre er på jobb, men er vel snart heime vil eg tru - og Phoebe er fortsatt sakna. Håpet for at ho skal leite seg opp att no, er nok svinnande lite, ho har vel blitt sjuk eller noko, dessverre. Heldigvis har eg mange kjekke bilder frå ho.


Der spratt Mitzi ned frå sofaen, og bort i det andre vindauge for å kike, ho såg noko av stor interesse, Sindre kom heim frå jobb. Då er det dobbel sjanse til å få kos eller anna oppmerksomheit, så det er stas, syns Mitzi;)

Så er det vel på tide å seie god natt også! Og tenker i dag som alle andre dagar eg skriv blogg - eg får skrive meir i morga, og litt oftare... For mange av tinga eg tenkte skrive her, rakk eg nemleg ikkje nemne, før eg blei for døsig...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar