onsdag, februar 13, 2008

Eventyr på kino

I går var det sløvedag på sofaen, grunna hovudverk, men i dag har eg vore på jobb igjen. Fekk gjort unna mykje som eg skulle gjort i går, og det er no ein god følelse å vere effektiv. I tillegg kom dei å la golvbelegg på nyekontora våre, så no kan ikkje det vere lenge igjen før eg slepp å vere korridorkonsulent lenger... Får vi håpe...!

Eg var tenkt meg på kino å sjå Eventyr i New York forrige onsdag, men det kolliderte med årsmøte til Venstre, så då utsatt eg det til i dag, og fekk med meg Julie, Marte og Runa. Koslig!

Det var ein herleg film, og Sindre vil nok kalle det ein typisk Annika-film/jentefilm:o) Det var det nok, men kjempesøt historie og kjekke skodespelarar.

Som Maria sa om filmen: "Akkurat slik eg ville den skulle vere!" Og det har ho heilt rett i. Og ekornet var megaskjønn - eg er nok litt svak for ekorn, vel og merke.

På laurdag skal vi (eg, Julie og Marta, kanskje Maria) på kino å sjå Alvin og gjengen, også her er det ekorn, då i hovudrolla. Gler meg!

Elles fekk Sindre brev frå Vernepliktsverket i dag, endeleg! Han har fått fritak ut 2008, så får vi sjå. Men iallfall kan vil planlegge ferie osv no då, og eg vil tru det er eit par arbeidsgivarar som pustar letta ut når dei får høre det også:o)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar