Vi har katteluke. Mitzi har aldri vore den o'store utekatten, men ho har seg nokre turar ut i løpet av ein dag. Men om natta er ho alltid inne. Vi var ei tid plaga med at fremmende kattar kom inn om natta, og har derfor luka som regel stengt no, om natta.
I går kveld før vi la oss var eg utfor døra ein tur. Mitzi hadde gått i dekning under sofaen på stova - vanleg prosedyre når ho skjønnar det er natt - og helst vil ha heile huset til rådigheit... Eg gikk inn igjen, låste dør og luke, og let stovedøra stå opa, slik at Mitzi ikkje skulle bli innestengt der. Så gikk eg å la meg.
Etter nokre minutt hørte vi Mitzi mjaue, og Sindre trudde ho stod utfor døra og ville inn - noko ho av og til gjer. Men etterkvart blei mjauinga meir og meir intens og høglydt - og det hørtes ut som den kom frå utsida. Så då skjønte eg tegninga. Ho hadde gått ut når eg var ute, utan at eg oppdaga det. Soveromsvindauget stod ope, og ned på marka stod Mitzi å kika opp og ropte. Ho ville jo inn...
I det eg gikk frå vindauget, og ned for å sleppe ho inn, fauk ho rundt hjørne, og når eg kom ned til inngangsdøra stod ho rett utføre og venta.
Kloke pusen!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar