tirsdag, juni 17, 2008

NM Fjordhest om ei veke

Influensa var seig, men eg er tilbake på jobb no. Var på jobb i går også, sjølv om eg ikkje er heilt frisk. Sjølv om eg ikkje vidare har vore utfor dør, har eg klart å blogge litt om hest dei siste dagane - mangt ein gjer når ein er sjuk;o) Bloggane ligg her:
Min tøffe, tøffe pappa
Fjordhest-NM 2008 og kle
Konfirmasjonsbilder

Og sidan eg ikkje har vore utfor husveggane den siste veka, har eg ikkje så mykje å berette om - anna enn at Mitzi er ein ivrig jeger for tida. 2 mus og 2 fuglar på 2 dagar. Håper det stoppar der, iallfall om ho har tenkt å komme inn med fleire levande ...

Om ei veke startar NM Fjordhest i Førde. Eg gler meg til å vere publikum, og grurgler meg litt til å vere groom for Liv Jorunn og Pokemann. Og elles heiar vi sjølvsagt stort på Volda rideklubb sine ekvipasjer - Liv Jorunn/Pokemann og Anna/Frikken - og Ørsta ride- og køyreklubb litt også. Hehe... Team Møre og Romsdal come on!

1 kommentar:

  1. Kult!
    Skal du være groom? Så utrolig kultspennende!! :D

    SvarSlett