søndag, juli 20, 2008

Ein kjekke laurdag og god start på ferien!

I går tok eg meg ein tur til Ørsta og Volda. Sindre var på jobb. Plukka først opp Mari i Volda, før vi satte kursen mot Ørsta for å møte Ingvild, som hadde reist frå Kristiansand i grisotta samme dag. Planen var ein tur på Fugl Føniks (kaffibar), men der var feriestengt, så vi enda opp på "Fru Svendsen" med utsikt til gågata, og der var veldig kosleg! Etter ei nydleg snickerskake og litt leskande i kroppen, spaserte vi oss ein tur i Ørsta sine gater og senter, før vi avslutta med noko leskande nede ved sjøen... Ein skjønn start på ferien, med god temperatur og avslappande ettermiddag. Er ikkje så ofte eg ser Ingvild og Mari, så det var veldig kosleg!

Mari og Ingvild
Mari og Ingvild. Vakre Amfi i bakgrunnen ;o)

Mari, Ingvild og eg

Sidan eg likevel var i Ørsta, nytta eg høve til å vere med Liv Jorunn på skogstur med Pokemann, før eg reiste ut igjen.

Utsikta mi frå min plass i vogna
Utsikta mi frå min plass i vogna


Liv Jorunn, Pokemann og den nye maratonvogna
Liv Jorunn, Pokemann og den nye maratonvogna med harde hjul ;o)


Vi var ein tur på Rotevassætra, og det var kjekt, for eg hadde ikkje vore så langt opp før, faktisk. Eg misunner alle dei flotte turplassane dei har i Volda altså...

Liv Jorunn kjørte med den nye maratonvogna si, ei veldig fin vogn. Det er berre at komforten for gromen ikkje er verdens beste når det er i ulendt terreng. Så det blei nokre humpar her og der som eg merka godt, men det var ein veldig kosleg tur!

VI FANN BLÅBÆR! Og dermed måtte eg berre hoppe av for å plukke eit par til kvar, for eg har ikkje vore på blåbærtur i år, så det var årets første...

Blåbær

Litt fleire bilder frå turen
Sidan eg hadde på meg hjelm, krasja blitsen på kameraet i bremmen på hjelmen, og eg måtte holde kameraet litt frå meg når eg knipsa, så det blei litt tilfeldige bilder i fart denne gangen...
Nysgjerrige hestar som vi passerte

Hytta til Liv Jorunn/familien

Utsikt

Tilbake på garden
Thoke

Klokka gjekk altfor fort, eg var tenkt å helse på litt fleire folk i Volda, men hadde middag som venta heime, så vel tilbake frå skogstur, vende eg bilen heimover, gjennom tunnellen, ein rask stopp på Bjåstad, deretter heim til laurdagsmat :o)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar