tirsdag, juli 08, 2008

Mykje kultur i haust

Litt jobbreklame på bloggen også. I dag har eg fått litt oversikt på nettsida til Sjøborg, og sortert alle kulturarrangementa på ei eiga side. Når eg ser over lista, er eg nesten litt overraska over kor variert og spennande arrangement vi har i vente i haust på kulturhuset. Både eigne arrangement og andre sine arrangement. Spennande!

Photobucket

Er du nysgjerrig? Ta turen innom http://www.sjoborg.no/ og sjå om der er noko som fell i smak :o)

Her vert det både teater, konsert med lokale og nasjonale stjerner, stand up og fengjande danseshow! Eg gler meg til kvart eit arrangement!

2 kommentarer:

  1. Jobbar du på kulturhuset, kanskje? Det er utruleg mange flotte arrangement i Ulstein. Takk og pris for Eiksundsambandet, då er det litt lettare for oss landfaste å kunne få med oss arrangement som faktisk varer lenger enn til ti om kvelden! Blir nok nokre turar til ulstein utover hausten.....

    Pastasalaten i forrige innlegg såg deilig ut, forresten. Så lurt å bruke kokt egg! Det har eg aldri komt på, men det kan vere for at eg har ein gjeng egg-allergikarar i heimen....

    Ha ein fin dag!

    Klem, Tove

    SvarSlett
  2. Ja, jobbar som kulturkonsulent i Ulstein kommune, og det er vi som står for drifta av det som skjer på Kulturhuset. Nokre arrangement leiger vi inn, andre leiger seg inn hos oss - men alt skjer på sjoborg.no av billettsal og info.

    Så kjekt å høre at dokke nyttar dokke av Sjøborg då. Eiksundsambandet er rett og slett fantastisk - begge veiar!

    Pastasalaten var verkleg god. Er kjekt å ha kreativ samboar:) Han handla og eg laga. Så i dag er det pastasalat til lunsj!

    Ha ein god dag du også:)

    Annika

    SvarSlett