søndag, august 17, 2008

Ei god duft i huset...

DSC00159 Eg er ikkje den som så altfor ofte slår til med brødbakst eller anna, men av og til får eg veldig lyst på heimebakst. Og slik var det tidlegare denne veka. No har eg hatDSC00158t lyst på ferske kveitebollar sidan onsdag, men ikkje hatt tid til å lage. Så i dag stod eg opp tidleg, og baka litt. Så no duftar det godt på både kjøkken og i stue. Neste gong skal eg heilt klart bruke eiga oppskrift, for bollane blei laga med "1-2-3-pakke", og sjølv om dei blei gode, blei dei ikkje så gode som mammas oppskrift...

Det var ikkje så verst å bake egentlig... Eg berre gløymer det frå gong til gong, kor fort gjort det er.

1 kommentar:

  1. Ej e so stolte!! Ej bakte scones forrige laurdag.. =) hekje baka på x antall år! :P kanskje mest fordi ej ikkje e so gla i bakst..? :S

    SvarSlett