lørdag, august 16, 2008

Ei veke med jobbing...

Då var det helg att. Det var litt godt. Det blir gjerne litt omstilling første veka etter ein god ferie, men det er tydleg at kroppen er innstilt på arbeidsmodus igjen, for i dag når eg kunne sove litt lenger, vakna eg klokka åtte. Eg fekk ein time til med blund på auga, men då var det på tide å nyte helga.

I dag skin sola, det er Trebåtfestival i Ulsteinvik og Klypa-show i kveld. Om du ikkje får med deg Klypa-showet, kan du få ein smakebit av det på YouTube. HER er blant anna ein liten artig filmsnutt, om bussjåfør Kjellen Bigset.

Eg skreiv eit innlegg tidlegare i veka, om Mitzi i farta på fotosession. Her er eit par bedre bilder, og fleire bilder kjem omsider på fotobloggen min.

Brandalssommar 346 Brandalssommar 328 Brandalssommar 261

1 kommentar:

  1. Takk for fin hyggeleg kommentar hos meg:)
    Ferien er over for meg også - og eg klarte heller ikkje å sove lenge i helga...

    SvarSlett