søndag, oktober 19, 2008

Årets TV-aksjon

Blå kors-logoDagen i dag har gått med til stallen, vere bøsseberar til årets tv-aksjon, middag, datakrøll på jobb og stallen. Men sidan det blei to roder på meg med bøsse, og problem med billettsystemet på jobb, gjekk tida litt fortare enn tenkt, så Lea og Sugar har kun kosa seg på eiga hand i dag også.. Vi prøver heller i morgon å få oss ein luftetur!

Årets tema for TV-aksjonen er så viktig. Håper det kjem inn mange kroner som kjem fram til dei som treng det så sårt...

Har du vore bøssebærar? Her var det litt knapt med folk som stilte opp, og det trengs alltid bøssebærarar over heile landet. Noko å tenke på til neste år for alle:) Det tek ikkje lange stunda å gå seg ein frisk tur:)

2 kommentarer:

  1. .....jippi...du er berre ein fantastisk knupp........Bloggen min er friskmeld og humøret mitt er atter stigande...hihi......
    Tak med deg rosebuketten frå bloggen min, den er deg vel fortent...

    1000-klemma til deg:)

    SvarSlett
  2. Denne aksjonen var viktig!!!

    SvarSlett