tirsdag, desember 16, 2008

Ei alvorsprega og trist helg...

I det forrige innlegget mitt ønskte eg alle god helg.
Dessverre blei det for mange ei grusom helg. Fire unge mennesker omkom i ein fæl brann i Herøy, og mine tankar går til familie og vennar no i denne tunge stunda.

Eg kan ikkje forestille meg kor uverkleg det må vere for dei som sit att, når det for meg verkar så uverkleg som det gjer.

Ord blir så fattige i ei slik stund, ord er ikkje sterke nok til å skildre kor vondt det som har skjedd er, ord er meininglause i ein slik situasjon... Men samtidig er ord blant det som kan vise at vi tenker på dei etterlatte. Ord, tankar og blomar.

Mine tankar går til alle som stod Kamilla og dei andre sakna nær. Eg håper de finn støtte i kvarandre og støtta frå alle kring dykk no. 

2 kommentarer:

  1. Dette var så grusomt.......
    Mine tankar går til dei som missta livet og har missta sine kjære...
    Ha en best mulig dag
    Klem

    SvarSlett
  2. Dette var berre ufatteleg trist....ord blir fattige i slike samanhengar.
    Mine tankar går også til dei som sit att og har mista noko av det kjæraste dei hadde.
    Ønskjer deg ei god veke!

    SvarSlett