Her i Norge er vi lei av vinteren. Det er bagatellar å tenke på når vi ser kva som har råka Japan.
Om du ynskjer å bidra og gjere ein skilnad, kan du gi di støtte her på Røde Kors sine sider.
Her i Norge er vi lei av vinteren. Det er bagatellar å tenke på når vi ser kva som har råka Japan.
Om du ynskjer å bidra og gjere ein skilnad, kan du gi di støtte her på Røde Kors sine sider.
Eg har vore ein liten tur på Sørlandet. Eg skulle så inderlig ønske at grunnen var eit lystig besøk til ei nydlig jente. Dessverre var det for å ta eit siste farvel, til ei nydlig jente.
Bilda er frå 2008, då møtte eg Klara og Trico i anlednings pappas 60 års dag.
For tre år sidan skreiv eg eit innlegg på bloggen min om CF-råka Klara Dahle, som venta på svar om ho fekk kome på venteliste for nye lunger. Nye lunger måtte ho ha, for å ha ein sjanse til å forlenge livet nokre år.
Ho fekk kome på venteliste, og ho fekk nye lunger. Dessverre tolte ikkje kroppen hennar den kraftige infeksjonen ho fekk i ettertid av lungetransplantasjonen.
Klara døde 9. januar i år. 29 år gamal.
I går vart Klara gravlagd. Ein veldig trist dag, mange tårer, men også mykje latter og glede. Slik Klara ville ha det.
Eg er takknemlig for å få ha blitt kjent med Klara. Ho lærte oss så uendlig mykje, om livet, om å sette pris på kvardagen, og leve i dag.
Takka vere ein donor, fekk Klara ei muligheit til eit forlenga liv. Men bakteriane i kroppen var ikkje einig. Så urettferdig, så ung.
Farvel. Kvil i fred, kjære Klara ♥ Takk for alt du har lært oss! Du vil aldri bli gløymt, vil alltid fylgje oss i hjartet og i tankane.
---
Har du tatt stilling til organdonasjon? Om ikkje, vonar eg du vil lese om det på Stiftelsen Organdonasjon sine nettsider. Der kan du også skaffe deg donorkort.
---
Oppdatert:
Eg gikk inn på innlegget eg skreiv om Klara for tre år sidan, utan å sjå på datoen. No ser eg at eg skreiv det 15. januar, nøyaktig tre år sidan i dag. Det var litt spesielt.
VGTv har laga ein video om nokre av uteliggarane i Oslo. Ikkje alle har det varmt og godt i desse dagar…
Håper nokre av årets julegåver går til desse - i form av gåver til Blå Kors, Frelsesarmeen eller andre organisasjoner som hjelper uteliggarane i vårt eige land.
God andre søndag i advent!
Nok ein gong har vi blitt minte på kor skjørt livet er. Kor fort alt kan snu…
Fredag døydde ein 22 år gamal gut frå Hareid, etter ei bilulukke helga før. Det er så trist, så meiningslaust. Tankane mine går til dei som sit att…
Ta vare på kvarandre, på dagen i dag, på det som er her og no!
Kvil i fred, kjære Kristian.
Livet er rart. Livet er urettferdig. Livet er herleg. Livet er skjønt. Livet er skjørt, ja, skjørt som ei såpeboble!
Heldigvis opplever dei fleste av oss at livet er flott, meir eller mindre heile tida… Men vi er kanskje litt for lite flinke til huske på det – til å nyte det flotte livet, medan vi har det flott. Livet kan snu på eit sekund, ingen veit kva morgondagen vil bringe… For ikkje så lenge sidan døde ein eldre slektning, over 90 år gamal. Fått oppleve det meste i livet. Det fekk meg igjen til å tenke på dei som har mista sine nære så altfor tidleg. Ikkje alle får oppleve å bli 70-80-90, ikkje alle får oppleve å bli 20 ein gong, eller 30… Det har vore mange bråe hendelsar den siste tida her omkring, og kvar gong blir vi mint på kor fort livet kan snu… Og kor heldig eg er, som har det så godt, så trygt.
Det har vore triste dagar for mange denne påska, og det kjem nært på, når det skjer her på våre kantar, og det har vore så “mykje” dei siste månadane… Tankane mine går til dei som har miste ein eller fleire av sine kjære i påska, rett før påske, i løpet av dei siste månadane, og alle som har mista nokon av sine nære på ein brå og overraskande måte.
I går var det to år sidan Bourbon Dolphin kantra, og seinare sank utanfor Shetland. Ein dag som aldri vert gløymt, for veldig mange.
Farmor døde også på gårsdagens dato, 12. april, for 17 år sidan, og det er klart det var trist det også, men ho var sjuk og “godt voksa”, opplevd både born, borneborn og oldebarn kome til og vekse opp. Det er ikkje alle forunt.
Eg har mine næraste rundt meg, sjølv om nokon av dei gjerne kunne vore litt nærare geografisk sett… Eg har dei iallfall ikkje lenger unna enn ein telefon innanlands, og eg har dei! Det er eg utruleg glad for!
Ta vare på kvarandre, og nyt dagen!
Ofte tenker eg – og eg er ikkje den einaste som det gjer – at eg gler meg til då, eg gler meg til då… Og har kanskje fokuset på å vente på at “då” skal kome, i staden for å nyte det som er *no*. Så klart må vi få glede oss til ting, men vi må ikkje gløyme å nyte øyeblikket!
Ei lita oppdatering frå påska vår kjem seinare:o)
Bilda er lånt frå nettet, leita fram på google, og funne her, her og her..
Sitatet om såpeboble “lånte eg” frå Solveig, eg syns det var veldig godt sagt!
Gratulere så mykje med dagen, alle saman. Ja, eg snakkar om Kvinnedagen! I fjor sendte eg nokre tekstmeldingar med "Gratulerer med dagen!" og fekk tilbake "Eg har ikkje bursdag i dag..." Men i dag er det "vår" dag;o)
I samband med kvinnedagen,vil eg oppfordre alle saman til å signere kvinneoppropet for menneskerettar på Sri Lanka. Oppropet finn du her.
Oppropet er starta av åtte sunnmørskvinner frå åtte ulike politiske parti, og dei ynskjer meir søkjelys på konflikta på Sri Lanka. Dei vil vise solidaritet med våre medsystre frå Sri Lanka, som opplever krig, undertrykking, sorg og fortviling oversine døde born og slektningar.
Dei vil også oppmode norske og internasjonale styresmakter til å legge press på dei som har makt på Sri Lanka, til å skape fred og skape like rettar for alle når det gjeld helse, arbeid, religion, kultur og språk.
Og eg må berre seie meg veldig enig med initiativtakarane til oppropet, så eg har sjølvsagt signert. Håper du også vil signere oppropet!
Logoen over er lånt frå www.opprop.no.
Etter endå lenger mørketid, kjem det eit nytt refleksinnlegg frå meg...
Eg har vel alltid vore "litt over middels" glad i refleks. Stor lukke på jord var det då eg fekk ny refleks i førjulspresang når eg var mindre. At vesten var nærast heildekt av ein Gjensidige-mann betydde mindre. Det glinsa i mørket uansett!
Eg hugsar også den heller lekre nettingvesten som var min første refleksvest, og alle dei kjekke refleksbrikkene eg har hatt. Bamserefleksen frå barnehagetida har eg endå, godt bevart! Litt meir usikker på kor vidt den fortsatt reflekterer i lyset då...
Eg forstår at ikkje alle kan vere like glad i refleks som meg. Men eg trudde alle var glad i livet...
I ung alder hadde eg ikkje begrep om kor vidt eg var synleg i mørket eller ei, men vi lærte at refleks var viktig, både i heimen, barnehage og skule, og dei fleste av oss godtok det. Og det gjer veldig mange unge endå, heldigvis.
Når eg no sit bak bilrattet veit eg med eigne auge kor vanskleg det er å sjå i mørket, og nærast umogleg om ein person har mørke klede og ingen refleks. Eg vil tru det ikkje berre er eg som sit att med den erfaringa? Men av og til lurer eg...
Likevel møter eg nærast dagleg folk utan refleks på tur i mørket. Anten aleine eller saman med ein to- eller firbeint venn. Dei voksne er egentlig verst. Og har den tobeinte refleks, er sjansane små for at den firbeinte har refleks. Kva om den firbeinte tek laust, utan den tobeinte. Då er ikkje den firbeinte god å få auge på heller...
Eg kom køyrande heim frå jobb ein sein fredagskveld i desember. I Hareid sentrum møtte eg tre personar på rekke. Alle tre hadde eit lyst plagg og eg såg dei forsovidt utan store problem. Ingen refleks. Heilt til eg eg var altfor nært, då såg eg brått at dei var FIRE personar! Ikkje tre som eg trudde. Person nr fire gikk i veibana, mørke kle og ingen refleks. Heldigvis hadde eg lav fart, ingen møtande bil og ok føre, så eg rakk å svinge utom rekka med folk i tide. Men eg angra etterpå at eg ikkje stoppa og ga frå meg refleksbrikka mi. Og det kunne gått verre...
Eg fattar ikkje at det skal vere så vanskleg å bruke refleks? Aller helst refleksvest e.l. men ei brikke er også bedre enn ingenting. Er det fordi det er kjipt å bruke? Latskap?
Å sjå betyr ikkje at du blir sett...!
Bruk refleks. Det er så mange som er glad i deg...
Det kan redde liv!
Mitt tidlegare innlegg om refleksbruk finn du her.
Bildet over er lånt frå HER.
Eg skal lage ein plakat som vert SETT, og som verkar innbydande, og treng litt hjelp... Kanskje vankar der ei lita oppmerksomheit til ein av dei som vil legge att ein kommentar også?;)
Eg vil bruke eit bilete på plakaten, har ingen logo å nytte for temaet,men det skal gå på klima. Gjerne eit bilde frå vår eiga kommune, men då treng eg hjelp til eit motiv. Eller eit bilde som kan vere frå "kor som helst", men illustrerer godt kva vi prøver å få fram...
Bildet har eg lånt frå HER.
Nokon som har nokon tankar? Her er så mange kreative bloggarar rundt omkring, så kanskje kan nokon hjelpe meg?
Eg treng også ei overskrift på plakaten, har tenkt på FRAMTIDIGE HAREID eller noko slikt, men veit ikkje heilt om det treff...? Andre idear?
Litt bakgrunnsinformasjon
Hareid kommune, og fleire kommuner på Søre Sunnmøre, skal utarbeide ein klimaplan, og vi har sett på fire tema: Forbruk, Avfall, Transport og Energi. Programmet er no i sluttfasa, og vi skal ha eit folkemøte for å få innspel frå innbyggjarane, samt få ut informasjon om klimaplanen som er i emning, og utfordringa no er å lage ein plakat som interesserer innbyggjarane slik at dei vil kome på møte...
Har du nokon idear til meg?
I det forrige innlegget mitt ønskte eg alle god helg.
Dessverre blei det for mange ei grusom helg. Fire unge mennesker omkom i ein fæl brann i Herøy, og mine tankar går til familie og vennar no i denne tunge stunda.
Eg kan ikkje forestille meg kor uverkleg det må vere for dei som sit att, når det for meg verkar så uverkleg som det gjer.
Ord blir så fattige i ei slik stund, ord er ikkje sterke nok til å skildre kor vondt det som har skjedd er, ord er meininglause i ein slik situasjon... Men samtidig er ord blant det som kan vise at vi tenker på dei etterlatte. Ord, tankar og blomar.
Mine tankar går til alle som stod Kamilla og dei andre sakna nær. Eg håper de finn støtte i kvarandre og støtta frå alle kring dykk no.
Ein kveld på vei heim frå jobb fekk eg meg ein ordentlig støkk. Eg kom kjørande i sentrum, og ante fred og ingen fare. Langs veien gikk tre personar, så eg slakka på farta og svinga litt utom denne rekkja. I det eg er få centimeter i frå personane, får eg den store støkken. Dei var ikkje tre personar, men FIRE. Og nummer fire, han gikk nærmast bilvegen, med svart jakke, svart bukse og svart hue... Kva er det folk tenker på? Dei andre personane hadde lyse klesplagg, men ingen refleks... Heldigvis såg eg alle fire i tide...
Eg har tenkt eg skulle blogge om dette, og det er det fleire som har gjort ser eg. Tove (tovehd.blogspot.com) har skreve eit utruleg gripande innlegg, som eg anbefalar alle å lese. Ho ordlegg seg utruleg flott!
Eg har iallfall utstyret i orden når eg er ute i mørket... Har du?
Bruk refleks. Det er så mange som er glad i deg...
Det kan redde liv!
Eg og Sugar godt utstyrt med refleks, sjølv i dagslys/skumringa.
Søndag fekk vi oss ein ordentleg kjipp, og eg er stygt redd for at vi berre var minutt unna at det kunne vore ein mykje verre dag dagen etter... Heldigvis gikk alt bra. Bortsett frå ein svart svamp og ei litt trasig lukt, er det ikkje spor å sjå:o)
Bloggen skreiv eg måndag, men den har ikkje komt ut før no. Eg tenkte egentlig å få illustrere litt med bilder, men det har ikkje blitt...
Snekkar-Pappa er på besøk denne veka, og vi har styrt på med litt av kvart i huset dei siste dagane. I går vart det litt småplukk her og der, mellom anna oljing av benkeplatene på kjøkkenet.
Først olja vi ei lita plate, som skulle erstatte ei mellombels fjøl. Pappa la frå seg svampen i ei pappeske, for å unngå at det kom olje nokon annan stad. Så tok vi oss ein tur på Ishavsmuseet og seinare til Volda for å ete middag. Vel heime kl 21 valde eg å olje resten av benkeplatene på kjøkkenet. Fann fram svampen, og olja i vei.
Etter vi hadde lagt oss, syns eg brått det lukta så veldig sterkt med olje (i andre etasje, kjøkkenet er i første), så etter ei lita stund med fundering, gjekk eg ned for å sjekke. Tenkte vel egentlig mest at det var noko som lak eller liknande.
Når eg kom ned trappa merka eg røyken, ikkje mykje, men nok til at eg blei tett, og når eg slo på lyset, såg eg røyken låg under taket... Prøvde først å lokalisere det, men fann ingenting - så ropte på Sindre og pappa. Og akkurat såg eg også røyken steig ut frå pappkassa. Der låg svampen og ulma, den var svart og svidd, hadde svidd hol i pappkassa og kunne nok vere på god vei til å sette fyr på kassa, men heldigvis - eg fekk tatt den i tide! Eg ante altså ikkje at denne oljen var sjølvantennande, og det var det fleire her som ikkje visste... Men etter å ha titta litt nærmare på flaska, står det med bittelita skrift...
Eg har ikkje sett på flaska i dag, så kva den inneholdt veit eg ikkje, men eg veit nok til å vite at det kan vere sjølvantennande iallfall. Det har eg lært no!
I dag vert det montert opp iallfall ein ny røykvarslarar, sjølv om vi såklart har.
Når eg henta posten i går, låg der eit kosleg postkort å venta på meg i postkassa. Lurte veldig på kven dette var frå, sidan ingen eg kom på var på ferie no - og overraskelsen var derfor kjekk når eg såg kven avsendaren var - kortet var på klingande nynorsk, frå Kumar som for tida er i Sveits.
Eg har tidlegare skreve om Kumar her på bloggen min, innlegget ligg her. Kumar er frå Sri Lanka, men har bodd i Noreg i 10 år, og er gift med Venezia, som er norsk statsborgar, men Kumar fekk ikkje oppholdstillatelse her.
Saka blei anka, over 350 gjekk i fakkeltog for Kumar, og det blei oppretta ei støttegruppe for Kumar, som gjorde mykje for å prøve å snu utfallet, men då det endlege avslaget kom, valde Kumar å reise ut av landet - kona Venezia er att i Noreg. VI er mange som håper at ventetida blir kortare enn fem år for det unge ekteparet før dei kan bo saman igjen. Dersom dokke les her: Eg tenker på dokke begge to!
Historia er dessverre ikkje unik. I den seinare tid har media sett fokus på mange slike saker. Ein ting er iallfall sikkert. Handsamingstida på ein søknad om opphold må ned. Å sende ut folk frå landet som har bodd meir enn halve livet sitt her, vert etter mitt syn feil.
Tusen takk for postkortet Kumar!!
Det var veldig kosleg!