torsdag, mars 05, 2009

Eg saknar deg...

Innlegget har eg kladda på fram og tilbake lenge no, og er fortsatt usikker på om eg kjem til å publisere, men det får tida vise...

Eg saknar deg.
Eg saknar ei av mine beste venninner.

Vi har dessverre omtrent mista kontakta av ymse grunnar. Eg håper det endrar seg snart... Men samtidig er eg redd det aldri blir det samme? Men eg håper.

Eg saknar deg.

Saknar ei melding med berre ein "statusrapport", både frå to- og firbeinte.
Saknar å kunne stikke innom berre for eit kort hei.
Saknar å fortelle deg om oppturar, nedturar, spennande prosjekt, min kjære og mine gode firbeinte.
Vil høyre om den nye jobben din, om kvardagen, utviklinga til dei firbeinte... Vil kort og godt berre høyre frå deg...

Til meir tida går, til meir er det lett å kanskje "gløyme", men frå tid til annan stikk det i meg, og eg kjenner på at eg saknar den kvardagslege kontakta.

Eg trur du er innom bloggen min å les av og til. Du må iallfall vite, og det trur eg du veit, at eg er veldig glad i deg - både eg og "ho andre".

Eg meinar ikkje sparke med dette blogginnlegget. Eg vil egentlig berre fortelle at eg saknar deg - du er sakna!

Bildet er lånt frå http://bilder.vgb.no/14293/3col/img_48641201a85eb.gif.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar