tirsdag, mars 10, 2009

Gitarfantom og herleg musikal

Vips, så er vi snart halveis til helg igjen. Dagane flyg avgårde, og det er herleg at det vert lengre og lengre lyse kveldar!

Sjøborg byr på mykje program for tida, og det har vore ei utruleg flott veke. Men derfor vert mest jobb eller jobbrelaterte aktivitetar som skjer for tida...

Ingrid Bjørnov fekk terningkast 6 i Sunnmørsposten, og Norwegian 3 - ingen tvil om at gitarfantoma Eriksen, Rypdal og Tekrø kan sakene sine!

No har vi nettopp komt heim etter ei flott oppleving på Sjøborg. Volda vgs har nemleg "bevega seg ut på viddene", og synte musikalen sin til oss øyfolket. Observerte at det var ein del frå fastlandet også som bevega seg utover for å sjå musikalen - kjekt:)

No er det kveld her! Får prøve å ta med litt anna enn jobb og kultur i bloggen ein annan dag;o)

Ynskjer deg ein fin dag/kveld vidare:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar