torsdag, april 16, 2009

Påska vår!

Like fort som påska kom, var den over…

Slett så gale er det då ikkje, men den gikk fort, og eg skulle gjerne hatt nokre dagar til med påskekos, men pliktene kallar, så no er vi tilbake i kvardagen att.

Vår09 647 Det har vore ei kjekk påske, veret har vore godt, selskapet har vore kjekt, og tida har gått litt for fort…

Kameraet har blitt brukt flittig, og for ein gong skuld er ikkje Mitzi den mest fotograferte – for vi har nemleg hatt besøk av mine to tantebarn, mi gode søster og hennar kjære.

Dei kom akkurat i tide til å rekke barne-tv på skjærtorsdag. Etterpå tok vi oss ein tur på Kvitneset, og utforska diverse holer og stiar. Artig og alltid like fint der ute! Veldig glad for at kameraet blei med på tur også:)

Turen til Kvitneset skal rett og slett få eit eige innlegg, for at dette ikkje skal bli ufatteleg langt ;o)

To be continued….

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar