torsdag, april 16, 2009

Fantastiske Kvitneset

…fortsettelse av innlegget “Påska vår!

Vår09 649 Vår09 662
Vår09 710 Vår09 700

Eg kan på ingen måte legge ut alle bilda vi knipsa her ute, men eit lite utval. Det blei mange gode og kjekke motiv. Elles anbefalar eg alle ein tur utom Kvitneset. Der er mykje historie i berg og grunn!

Vår09 669

Kvitneset blei brukt av tyskarane under krigen. Her var russarfangar og tyskarane hadde base her, for dei hadde god oversikt over alt som kom frå sjøen. Mykje holer i fjellet, skyttargraver, ruinar etter spisesal, vaktarrest m.m. 

Kvitneset ligg utanfor Brandal sentrum, omlag 10 minutt å køyre frå Hareid sentrum. Du kan køyre nesten heilt fram, så er det berre å ta beina fatt for å utforske området!

Vår09 703

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar