I dag møtte dette synet meg på kontoret:
(sjå vekk frå litt rot, no har eg rydda)
Og endå fleire ballongar…
Ved inngongsdøra hadde dei hengt ein liten grøn Venstre-ballong, men det var ikkje anledninga til ballongane egentlig…
Sjokolade på ein vakker bukkett med roser, og hjarter inni buketten også.
Eg såg ballongane i det eg opna døra inn til kontorgangen vår, og fekk meg ein god latter. Mine kjekke kollegaer er litt trege. Ingen av dei hadde lest i avisa laurdag at eg og Sindre har forlova oss. Elles på huset har ganske mange gratulert oss, men på kontoret mitt har det vore stille – heilt til i dag!
Tusen, tusen takk! Det var egentlig ganske kjekt med ei slik overrasking!
Beklager litt dårleg kvalitet på bilda, tatt med mobilen.
Gratulera så veldig veldig mykje - er datoen satt??
SvarSlettOg så kosleg med ei slik markering frå kollegaer. Du veit - betre sein enn aldri ;)
Så utrolig hyggelig reaksjon fra kollegaene da.. Og gratulerer så mye til deg og Sindre!!!
SvarSlett