tirsdag, september 22, 2009

Ekte haustver!

Det regnar, bles, bles meir og regnar meir. Og eg likar det. Så lenge eg er trygg på at ikkje noko flyg utandørs vel og merke.

Då er det berre godt å kunne holde seg inne, kose seg med ein god kopp te og kjekt lesestoff, tende stearinlys og pledd på sofaen, eller regnkle seg, og få seg ein frisk tur ute. Og så lenge det er bygever, har hestane det ok også, sjølv om vi helst snart skulle hatt klar vinterpaddocken. Men vi får den nok på plass snart:)

Håper alle får ei fin haustveke – både inne og ute!

Vår 2009 122-1Mitzi veit iallfall å kose seg inne – kvar dag, heile dagen lang!

2 kommentarer:

  1. Godt å sjå at både to- og firbeinte kosar seg i ekte haustvèr ;)

    SvarSlett
  2. Enig i at haust er fint så lenge ein kan vere inne:)

    Te, sofakrok, strikketøy og tv... Det er alt eg treng!

    SvarSlett