mandag, oktober 05, 2009

Melis på fjelltoppane…

Nei, ikkje akkurat melis, det er vel heller snø vi kan skimte, både på Sulafjellet, Melshornet og dei mange andre fjella her omkring no. Så no er det ingen bønn. Piggdekka må på bilen, før frosten kjem for fullt, eller snøen, for den del.

Helga har gått fort, men den har vore herleg!

Chris & Mads 2

Fredag var det ein fantastisk konsert på Sjøborg, med Chris Thompson og Mads Eriksen band, samt Tina Brandal som gjestevokalist.

Chris & Mads 1

Chris & Mads

Laurdag var det bursdagsfeiring både med familie og vennar, og dagen gikk himla fort. Innimellom fekk vi også unna helgevasken.

Oktober09 025

Mitzi er med i selskap, så lenge ho får bestemme sjølv både kven ho godtek kos frå, og kor ho skal ligge;)

Oktober09 068

Søndag slappa vi berre av, flirte litt (som Mitzi over her), såg tv og redda inn hestane frå “symjebassenget” litt tidleg på dag.

Måndag, ny veke, haustferie (misunnlig), meir regn, og litt surt ute. Godt vi har pledd og tak over hovudet :)

Ha ei flott veke alle saman! No skal eg avgårde å skifte fottøy på bilen!

1 kommentar:

  1. jaudå, nokon har dryssa melis her òg. Men eg trur ikkje me tek på vinterdekk heilt endå, det brukar ikkje komme hverken frost eller snø såpass tidleg. (Bank i bordet)

    Skal det komme kuldegrader må det jo fyrst verte fint vèr, og den faren anser eg som ganske liten for tida ;)

    Ha ein nydeleg kveld!

    SvarSlett