lørdag, januar 02, 2010

2010 er ein realitet

I fjor knipsa eg nokre rakettbilder som blei relativt kunstneriske. I år tok eg meg tid til å tenke over korleis eg skulle få tatt bedre bilder, men det var ein vesentlig ting eg glømte då vi vada gjennom snøen over til naboen i går kveld, stativet til kameraet!

Rettare sagt, eg innsåg at det slaget var tapt litt før. Det ligg nemlig i bilen til Sindre, som er rimeleg innesnøva, og når eg kom på det 6 minutt på midnatt, var det for seint å prøve å grave meg fram til det… Bilen står nemleg her, ja, den snøklumpen til høgre…

Romjul 078 Derfor blei det dårleg med bilder frå årets nyttårsfeiring, men det var iallfall ein kosleg kveld!

Romjul 071

Det mest interessante bildet, blei dette (under) av raketter og Julie & Roy . Eg var ikkje klar over det ein gong, men slik kan det gå med lang lukkartid:)

Romjul 072Romjul 070

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar